Kategoriarkiv: Ymse

Medlemskontingent 2020

Medlemskontingent 2020 er sendt ut. Har du enda ikkje meldt deg inn?.Send oss ein epost med Namn, adresse, fødselsdato osv så ordner vi dette. 🙂 tefre.ryttarklubb@gmail.com

Husk att medlemskontingenten må være betalt før du kan starte stemne og før årsmøte.

Har du fått faktura på medlemskontingenten, men vil ikkje være medlem lenger? Send oss ein epost att du melder deg ut. Medlemskap skal seies opp skriftlig.

Vellykka påskestemne på Tefre Ridegard

Stolte gull og sølvvinnarar i 60 cm

20. og 21. april arrangerte vi årets første D-stemne i sprang i Sogn og Fjordane. Og det var god deltaking. Totalt 26 ekvipasjar frå 7 ulike klubbar deltok. Totalt gjennom helga var det 63 starter i klassar frå 40 cm (klubbklasse), 60 cm (utvida klubb) og 70 cm, 80 cm og 90 cm på D-stemne med cup inkludert.

Vinnarane av 60 og 70 cm søndag 21. april

I stemnet var det og innlagt klubbmesterskap for Tefre Ryttarklubb. Det var 3 stykke med i både 60 cm og 70 cm, mens 80 cm utgjekk i år.

Lørdag skein sola og det vart varmt inn ei ridehallen. Nokre hestar vart nok litt påverka av det skarpe lyset ute og inn i den mørke ridehallen. Søndag var det regn, men ok temperatur og nok betre såleis for hestane.

Det var mykje fin ridning og gode prestasjonar.

Vi kan gratueler dei nye klubbmestarane:

Vinnarar av 70 cm klassen søndag 21. april

Klubbmester 2019 i 60 cm sprang:
Gull: Andrea Fagerheim Aase – Jakobgardens Vesla
Sølv: Madelen Erdal – Lykke Lilja
Bronse: Karoline Thingnes – Strandgaards Champ for Kids

Klubbmester 2019 i 70 cm sprang:
Gull: Malena Reed- Bernard
Sølv: Karoline Kvamme – Golden Cowrie
Bronse: Marita Erikstad – Bakkens Madikken

Fornøygd vinnar av 70 cm klubbmesterskap 2019
Fornøygd sølvmedaljør i 70 cm klubbmesterskap og vinnar av 70 cm lørdag 20.04.19

Klubbstemne 2. og 3. desember

Vi inviterer til klubbstemne 02. og 03. desember. Inkludert lagkonkurranse. Det blir også pizzakveld for alle medlemmer lørdags kveld med quis som inngår i lagkonkurransen.

Påmelding og info om tid og sted for pizzakvelden kjem seinare.

Det blir også knøtteklasser begge dager etter sjølve stemnet. Vi kejm med meir info om dette straks.

Du finner oversikt over klubbens stemner her: http://www.horsepro.no/?r=contact&id=356

Her er direktelink til julestemnet: http://www.horsepro.no/index.php?r=show/event/event&eventId=13063

 

Kom og bli med til eit kjekt julestemne.

1. avdeling klubbmesterskap dressur 2017

28. oktober arrangerte vi utvida klubbstemne i dressur med innlagt klubbmesterskap dressur 1 avdeling.

Det blei litt færre deltakere enn håpa på men stemne blei det likevel. Vi la i tillegg inn knøtteridning og banehopping etter stemne. Det blei ein fin dag med vellykka arrangement og mange blide fjes.

 

Bronse til Tefre Ryttarklubb i KM Dressur Lag

Helga 23 og 24. september var det KM Dressur i Sogn og Fjordane Ryttarkrins. Tefre stilte med lag i lagkonkurransen. Laget bestod av Ann Lorraine Thomas Engebø på Nørregaards Prexton, Karoline Thingnes på Dragar og Lucinda Bjørnset Reksten på Lyheims Lindy.

I lagkonurransen kan man stryke dårlegaste resultat dersom man er 3 på laget. Man kan også stille lag med kun 2 deltakere. Vi var så heldige å ha 3 aktuelle til lag og medalje blei det til tross for att det vel ikkje gjekk over all forventning med alle denne dagen. Vi var likevel gode nok og var strålande fornøygd over medaljeplass.

Ved bildetaking var dessverre ikkje Karoline og Dragar tilstades.

Ann og Lucinda deltok i tillegg i KM Dressur Senior. Det beli 5 plass på Lucinda og 7 plass på Ann. Lucinda fekk også plasering i LB begge dager og var nærme å ta plassering i dressurcupen 2017.

Alle foto her: Cecilie Oen

 

Knøtteklasser 18. februar 2017

Vi arrangerer utvida klubbstemne i sprang 18. februar. Når sjølve stemnet er ferdig lager vi til bom på bakken og 20 cm bane for knøttane. Tidspunkt er ikkje heilt bestemt enda men det blir ca mellom kl 15 og 16. Nærmare tidspunkt kjem dagen før på facebooksida til Tefre Ryttarklubb.

Desse 2 klassane er åpne for alle, medlemmer betaler kr 60, ikkje medlemmer kr 120. Hestane må være vaksinert ihht vanlige bestemmelser og pass må visast før vi starter. Vær og grei å betale minst 1 time før start i sekreteriatet.

Påmelding bes sendes på e-post til tefre.ryttarklubb@gmail.com eventuelt på sms 97 16 48 52

Oppgi namn på barn og hest, alder og kva øvelse som skal ris. Det er lov å delta på begge. Det blir utdelt sløyfe til alle som deltek.

Grønt kort kurs 11-12. februar

Kurset begynner kl 9:00 på laurdag (11.februar) Vi kjem til å holde på til ca kl 16:00. På søndag begynner vi kl 12 i stallen på Tefre.
Kurset blir på Fagforbundet Sogn og Fjordane sitt kontor som er i Nausdalsvegen 1 ( Førde Torg). Vi møtast utenfor Førde Torg litt før kl 9. Ta med mat og drikke

Om det er noko du lurer på ta kontakt med enten Margunn ( 92023760) eller Ann (48 13 63 50).

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte i Tefre Ryttarklubb 2016

Tid: 17. februar 2017 klokka 19.00
Stad: Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Saksliste

Sak 1: Godkjenne dei som har stemmerett
Sak 2: Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
Sak 3: Val av møteleiar, referent og 2 personar til å skrive under protokollen
Sak 4: Handsame årsmeldinga for 2016
Sak 5: Handsame rekneskapen for 2016 i revidert stand
Sak 6: Innkomne saker
Sak 7: Fastsetje medlemskontingenten for 2018
Sak 8: Vedta budsjettet for 2017
Sak 9: Handsame klubben sin organisasjonsplan

PAUSE med kaffi/saft, kaker og loddsal med fine premiar

Sak 10: Val
Sak 11: Aktivitetsplan/terminlista for 2017