Månadsarki: januar 2017

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte i Tefre Ryttarklubb 2016

Tid: 17. februar 2017 klokka 19.00
Stad: Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Saksliste

Sak 1: Godkjenne dei som har stemmerett
Sak 2: Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
Sak 3: Val av møteleiar, referent og 2 personar til å skrive under protokollen
Sak 4: Handsame årsmeldinga for 2016
Sak 5: Handsame rekneskapen for 2016 i revidert stand
Sak 6: Innkomne saker
Sak 7: Fastsetje medlemskontingenten for 2018
Sak 8: Vedta budsjettet for 2017
Sak 9: Handsame klubben sin organisasjonsplan

PAUSE med kaffi/saft, kaker og loddsal med fine premiar

Sak 10: Val
Sak 11: Aktivitetsplan/terminlista for 2017

Grønt kort kurs 11-12 februar

Tefre Ryttarklubb arrangerer Grønt kort kurs 11 og 12 februar 2017.

Pris for heile kurset er 600 kr for medlem og 750 kr for ikkje medlem.

Kursholdarar er Margunn Rygg og Ann Lorraine Thomas Engebø som har fått laga seg eit godt oppsett for gjennomføring av eit godt og lærerikt opplegg.

Teoridelen vil foregå på Lotteritilsynets lokaler i Førde. Praktisk del vil foregå på Tefre Ridegard om ikkje anna avtale vert gjort direkte med kursholdar. Det kan eventuelt være mulig å låne seg hest. (må avtalast på førehand med Ann)

Kurset er delt opp i 3 deler. Dersom man ønskjer å ta kun 1 eller 2 deler går dette ann. For medlemmer av Tefre kostar det 200 kr pr. del. For ikkje medlemmar 250 kr pr. del. Da kjem grønt kort boka i tillegg for ikkje medlemmer dersom man kun tar KRI delen.

Påmelding med Namn, adresse, fødselsdato, epostadresse sendes tefre.ryttarklubb@gmail.com. Påmeldingen er bindande og faktura vil bli sendt pr epost med det samme man har meldt seg på. Det er 10 plasser på dette kurset.

For dei som er under 18 år skal foresatt være med på kurset (betaler ikkje)