Månadsarki: april 2019

Vellykka påskestemne på Tefre Ridegard

Stolte gull og sølvvinnarar i 60 cm

20. og 21. april arrangerte vi årets første D-stemne i sprang i Sogn og Fjordane. Og det var god deltaking. Totalt 26 ekvipasjar frå 7 ulike klubbar deltok. Totalt gjennom helga var det 63 starter i klassar frå 40 cm (klubbklasse), 60 cm (utvida klubb) og 70 cm, 80 cm og 90 cm på D-stemne med cup inkludert.

Vinnarane av 60 og 70 cm søndag 21. april

I stemnet var det og innlagt klubbmesterskap for Tefre Ryttarklubb. Det var 3 stykke med i både 60 cm og 70 cm, mens 80 cm utgjekk i år.

Lørdag skein sola og det vart varmt inn ei ridehallen. Nokre hestar vart nok litt påverka av det skarpe lyset ute og inn i den mørke ridehallen. Søndag var det regn, men ok temperatur og nok betre såleis for hestane.

Det var mykje fin ridning og gode prestasjonar.

Vi kan gratueler dei nye klubbmestarane:

Vinnarar av 70 cm klassen søndag 21. april

Klubbmester 2019 i 60 cm sprang:
Gull: Andrea Fagerheim Aase – Jakobgardens Vesla
Sølv: Madelen Erdal – Lykke Lilja
Bronse: Karoline Thingnes – Strandgaards Champ for Kids

Klubbmester 2019 i 70 cm sprang:
Gull: Malena Reed- Bernard
Sølv: Karoline Kvamme – Golden Cowrie
Bronse: Marita Erikstad – Bakkens Madikken

Fornøygd vinnar av 70 cm klubbmesterskap 2019
Fornøygd sølvmedaljør i 70 cm klubbmesterskap og vinnar av 70 cm lørdag 20.04.19