Merkelapp-arkiv: dressur

Gode prestasjonar i årets cup og KM i SFRK

Helga 25. september arrangerte Gloppen Køyre og Rideklubb sprangstemne på Norsk Fjordhestgard. På dette stemnet deltok Veronica Kvamme Myren frå klubben vår.

Veronica henta heim 2 plass i 80 cm cupen 2016 på dette stemnet. I tillegg ut i frå tidlegare prestasjonar tok Marie Stenfeldt Leganger 3. plass i 80 cupen.

Foto: Kirsten Aune
80-cup-2016-2

Helga 1. og 2. oktober deltok Nora Marie Hesjedal, Karoline Thingnes, Mathilde Elisabeth Reksten Dale og Lucinda Bjørnset Reksten på dressurstemne hos Flora Hestesportklubb. Stemnet innehold både KM Dressur og Cupavslutning.

I KM Dressur Ponni deltok vi med 3 jenter. Dei tok 2, 3 og 4 plass i KM av 5 stk. I tillegg tok jentene Sølv i KM Lag.

img_1851
Sølvlaget: Nora Marie, Karoline og Mathilde

img_1844
KM Ponni 2016 med sølv og bronse til Tefre

img_1791-2
Jentene (Mathilde nr 2 og Karoline nr 3) på ærerunde

I dressurcupen henta Mathilde Elisabeth Reksten Dale og Lyheims Lindy heim 1 plass i LB dressurcup og Lucinda Bjørnset Reksten med Lyheims Lindy tok 3 plassen i LA cupen.

img_1897-2
Mathilde og Lyheims Lindy tok heim sigeren i LB cupen 2016.

oqtf6385
Lyheims Lindy og Lucinda henta heim 3 plass i LA cupen i 2016. (Bildene av Lucinda er frå NM Fjordhest tidligere i år)