Tefre Ryttarklubb Ponniklubb

BLI MED I TEFRE RYTTARKLUBB PONNIKLUBB

Er du mellom 8 og 14 år, medlem i klubben og interessert i å lære meir om det praktiske arbeidet med det å ha hest?

Bli med i Tefre Ryttarklubb sin ponniklubb!

Fredag 29. mars kl. 18 inviterer vi til oppstartmøte i stallen på Tefre. Ponniklubben blir eit gratis tilbod til medlemmer i Tefre (gjeld også for sekundær- /støttemedlemmer).

I ponniklubben vil du lære om stallarbeid, fôring, sikkerheit med hest, førstehjelp og mykje meir. Du vil og bli kjent med nye folk som har same interesse som deg.

Du treng ikkje ha eigen hest eller fôrhest for å vere med. Vil du vere med i ponniklubben eller vite meir om opplegget? Kom på oppstartmøte eller ta kontakt med Ann eller Camilla.

Barn under 8 år er velkomne saman med foreldre/ føresett.

Ponniklubben hadde samling 7. april 2019 og neste samling vil bli søndag 5. mai kl 14-16.